Avisen Strilen besøker Solholmen

Juli 2017 besøkte avsen Strilen oss. Resultatet ble et flott oppslag der Solholmens alle fasiliteter ble behørig beskrevet. 

Her er hva de skrev om oss:

 

Passerer ein Alvestraumen er det vanskeleg å ikkje merka seg den vakre Solholmen.

Av Anja Fanebust

Tradisjonelt har det vore velståande bergensarar som har nytta holmen i sundet, og mange av bebuarane i Alversund har aldri vare innom perla av ein holme. Det ønskjer Jarle Samuelsen å gjera noko med, og pussar opp frå takstein til kjellar i dei seks bygga på Solheimen.

- Vil ivareta den gamle stilen
Holmen vart kjøpt opp frå ein smed av Anthony Mickael Gjessing i 1898 og bygga var ferdigstilt i 1910. Frå då budde borna deira der som heiltidsbustad, medan foreldra Anthony og Elisabeth var travelt opptatt med drift av Børs Cafe og hotell i Bergen i vekedagane. Då barna byrja på skule, var familien mest på holmen om sommaren. - Me ønskjer å ivareta det historiske og gamle preget, fortel Samuelsen. Dette kan ein sjå godt i hovudhuset, der dei mellom anna har fått kopiert det historiske konjakkrommet i detalj. - Tapeten er spesialbestilt frå Danmark, kan Samuelsen opplysa. I det opphavlege konjakkrommet drakk Gjessing og statsminister Christian Michelsen konjakk og røyka sigarar.

Skada i brann
Det er derimot ikkje akkurat som før, for hovudbygget brann i 1948. Heldigvis vart ikkje hundehuset, naustet, bua og lysthuset skadde, og står som før den dag i dag. Hovudbygget vart attreist i 1949-50. Sidan vart bygget nytta som feriestad av familien, før det vart selt i 2009. Etter mange år var det nok arbeid å ta tak i for nye eigarar. Samuelsen langtidsleiger no staden og har store planar. Og det skal ikkje brenna ein gong til. - Sikkerheit er veldig viktig, og me har mellom anna fått ordna til ein eigen brannstasjon, fortel han.

Store planar
Samuelsen håpar holmen kan verta brukt til sommarfestar, bursdagar, julebord, bryllaup, eigentleg arrangement i kvar ei form. - Me ønskjer å laga til fortøyingar langs øya til båtar, slik at ein kan komma sjøvegen, fortel han. Vidare skal dei laga til ein større kai, der båtar som Oster kan leggja til. Gjester som ikkje har båt er heller ikkje noko problem, Samuelsen har stor nok båt til å frakta nærmare 20 gjester i gongen over sundet. - Me ser for oss at me kan ha arrangement med alt frå ti til 200 personar på Holmen, forklarar han.

Pub frå torsdag til laurdag
Det er plass til folk både i sommarteltet, hovudhuset, i sjøboden som er bygd om til pub, og i lysthuset, og det er laga til fleire sitjeplassar ute. - Me vil ha mange av desse fine små plassane, fortel Samuelsen. Vidare ser han mellom anna for seg at ein kan ha intimkonsertar i puben, som er laga til med terrasse utanfor og scene. - Her er det plass til mellom 40 og 50 personar til arrangement, fortel han. Planen er å he pub kvar torsdag til laurdag, i tillegg til ulike arrangement. - Servering av mat, som krabbe og fiskesuppe, er også aktuelt, seier han vidare. Dei har allereie avtale med fiskar som skal levera ferske råvarer.

Populært for bryllaup
Holmen, som både er vakker og historisk, er også ønska til bryllaup. - Me har mellom ti og tolv som er interessert neste år, og ein i 2019, fortel Samuelsen. I hovudhuset kan det dekkjast til 30 personar og ved hovudhuset er det også laga til triveleg uteområde, som er ideelt for grilling og prat. - Skillet som har vore mellom allmennheita og holmen skal no vera fjerna, seier han avslutningsvis.

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *